Målet er å fange kva DU forbind med nynorsk, kva er nynorsken, korleis kan den billedleggjerast? Eller kan den billedleggjerast? Går det i det heile an å fotografere eit språk? Kva er nynorsk for deg? Finn fram kamera, leit gjennom fotoarkivet. Finn ditt bilete av korleis du ser føre deg nynorsken eller kva du assosiserer med nynorsk. Velkommen til å delta!

torsdag 20. juni 2013

Går det an å fotografere eit språk?



Er nynorsken ein påfugl, ein traktor, Smørbukk, ein blome på stølen eller ein BMW på ei sanddyne i Sahara? Er det ei god bok, ein song, ei hending, ein installasjon du har laga sjølv, NRK Sogn og Fjordane eller ein person, for eksempel Oddvar Torsheim? Her er det berre dine assosiasjonar som set grenser. 

Kva er nynorsk for deg? Vi ønsker å vite kva du forbind nynorsken med, denne gongen i bilete.

Er Oddvar Torsheims kunst det du forbind med nynorsk?

Er nynorsk ein påfugl?